Støtte

Kjenner du at noko ikkje er som det skal? Skriv til oss!

E-post

samstemd@metapol.no

Vanlege spørsmål

Korleis lagrast data i Samstemd?

Berre lokalt på telefonen din. Samstemd gjer ingen nettverkskall og har ingen serverar som lagrar dine data. Viss du slettar appen, forsvinn dataa. Les meir i personvernerklæringa.

Kan eg eksportere data frå Samstemd?

Ja. Gå til Innstillingar → Eksporter data. Du får ei zip-fil med JSON og CSV som du kan opne i Numbers, Excel eller kva du vil.

Eksporten inneheld dine Samstemd-loggar: medisinprofilar, dosar, humør- og åtferdstaggar, fridagar og blodprøver. HealthKit-data (søvn, hjartefrekvens, trening, dosar skrivne til Apple Helse) er ikkje med i eksporten — dei bur i Helse-appen din, ikkje i Samstemd. Etter ein reinstall eller overføring til ny telefon, gir du HealthKit-tilgang att og data er automatisk tilbake frå Helse.

Kva skjer ved import av data?

Importen er idempotent: kvar logg har ein unik ID, så viss du importerer same fil to gonger, blir dei eksisterande oppføringane hoppa over — du får ingen duplikat. Det er trygt å merge eksportar frå ulike tidspunkt.

Korleis flyttar eg Samstemd til ein ny iPhone?

Eksporter data på den gamle telefonen (Innstillingar → Eksporter), installer Samstemd på den nye, og importer zip-fila via Innstillingar → Importer. Eventuelt kan du bruke iCloud device backup: Samstemd-databasen følgjer med då også, sjølv om data aldri går gjennom Apple sine skyer i kryptert form utan device backup-samtykke du allereie har gitt iOS.

AI-observasjonane virkar ikkje. Kvifor?

Samstemd brukar Apple sitt Foundation Models-rammeverk, som krev Apple Intelligence-støtta einheiter (iPhone 15 Pro og nyare). Viss telefonen din ikkje støttar det, viser appen ein kortare mal-basert observasjon i staden. Funksjonen krev også at du har logga minst 14 dagar med data for å kunne sjå mønster.

Kva gjer eg viss appen krasjar?

iOS lagar automatisk ein feilrapport i Innstillingar → Personvern og sikkerhet → Analyse og forbetringar → Analysedata. Søk opp "Samstemd" og send rapporten til oss på samstemd@metapol.no. Dette er fullstendig anonymt — ingen helsedata, berre krasjstacken.

Kan eg bruke Samstemd utan Apple Watch?

Ja. Klokka er valfri og addfinerer berre snarvegar. Alt fungerer likt på iPhone åleine.

Gir Samstemd medisinsk råd?

Nei. Samstemd er eit personleg sporingsverktøy, ikkje eit medisinsk apparat. Vi gir ingen diagnosar, dosar eller behandlingstilråd. Rådfør deg med legen din før du vurdere å endre medisineringa di!

Korleis oppdaterer eg medisinlista når nye preparat kjem?

Appen er levert med ei kuratert norsk medisindatabase. Viss det manglar eit preparat du brukar, kan du legge det inn manuelt under Innstillingar → Legg til medisin. Du kan også kontakte oss, så vil vi vurdere å legge det til i neste versjon.

Eg vil slette mine data frå Samstemd. Korleis gjer eg det?

Innstillingar → Slett alle data. Det reverserast ikkje. Eller avinstaller appen — då forsvinn databasen saman med appen sidan alt bur lokalt.